• 91051-1

    id
    • 91051-1
    datafangstdato
    • 1997-09-22T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-04-07T14:02:01Z
    informasjon
    • Funnstaden ligg opp mot toppen av draget, her er ein mindre flate mellom to større bergknausar. I nord ender draget ut på ein flate. Mot søraust skrånar den jamt ned mot sjøen. Lokaliteten er mykje forstyrra av ei grøft som er grave opp i samband med drenering av området. Deler av den opprinnelege markyta står att særleg i aust, her er det ein vel 2-4 meter brei kant att. Vestre del av funnstaden ligg under dei oppgrave grøftemassane. Flaten er relativt tørr då det er sandgrunn under torva. I dag veks det grastorv i draget og nokre mindre rognetre og einer står langs kantane til draget. Funna som er gjort vitnar om at lokaliteten er konsentrert i til toppen av draget eller like i utkanten av flata lenger nord. Her er skrår terrenget svakt mot søraust, men ligg relativt godt i le. Funnmaterialet viser ein konsentrasjon med ei utstrekning på vel 10 meter i lengderetninga av draget. Utstrekninga på lokaliteten ligg slik på vel 80 m2. Lagdelinga på lokaliteten vart undersøkt gjennom oppreinsking av profilveggen i grøfta. Lys og massetilhøva gjorde det naturleg å ta vestre vegg i dreneringsgrøfta. Her vart først reinska opp eit 2,5 meter langt stykke. Vassolding av massane gav relativt mykje funn og to mindre flater vart retta opp, ei mot nor og ei mot søraust. I tillegg vart det tatt eit prøvestikk i austleg kant mot bergkollen, i eit område som ikkje var forstyrra av nyare graveaktivitetar. Lagdelinga i det største snittet viser eit vel 20 cm tjukt torvlag. Under dette kjem eit 12-15 cm tjukt relativt fuktig torv/jordlag. Under dette kjem eit lag med fin sand, enkelte mindre stein (små), stadvis fleire mørke flekker av oske, det var ikkje trekol i dette laget. Dette laget er og funnførande. Under dette eit lag med gråbrun grus - dette laget er ikkje funnførande. I nordre del av profilveggen kjem det fram ei gamal steinveit som viser at området har vore oppdyrka tidlegare. Lagdelinga i dei to mindre profilsnitta viser ei liknande lagdeling, der torva varierer mellom 10 -20 cm. I snitt I mot nord er det observert det same fuktige jord/torvlaget som i snitt II. Dette laget er ikkje observert i snitt III eller i prøvestikket her er den grå sanden borte og ein kjem rett ned på grusen.
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 91051-1
    lokalId
    • 91051-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217