Lokalitetsområdet ligg i nordre helvta av draget. Her er det i nordvestre kant ein bergkolle som avgrensar lokaliteten mot nord. Mot søraust skrånar terrenget jamt ned mot flata der lokalitet 14 ligg. Mot nord er det ingen topografiske avgrensingar av lokaliteten. Området skrånar jamt nedover. Vegetasjonen i draget er i all hovudsak grastorv. I austre og vestre kant veks det i dag fleire rognekjerr og einebuskar. Lagdelinga i dei tre funnførande prøvestikka viser først eit 10-12 cm. tjukt torvlag. Under dette kjem eit lag med brun jord, som i prøvestikk 3 har noko trekol. under dette kjem ein i prøvestikk 1 og 2 ned på eit brunt - rustfarga lag med grus. I prøvestikk 2 kjem ein rett ned på større stein.