• 91065-1

    id
    • 91065-1
    datafangstdato
    • 1997-10-09T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-04-08T09:12:58Z
    informasjon
    • Hellaren ligg langs ein aust-vest gåande bergrive. Her er ein vel 15 meter lang bergoverheng. Plasseringa er vel 10 meter frå stien og 25 meter nord for den nordlegaste kanten av myra. I søraust er det 25-30 meter bort til ein bekk. Området frå stien og opp til helleren er tilvakse med planteskog. Området nedanfor stien er relativt opent. Det største dråpefallsområdet dekker ei lengd på 10 meter og er vel 3 meter djupt og vender mot sør. Helleren er likevel svært mørk på grunn av den tette skogen. I dag er det ein del konstruksjonar i overflata på hellaren, oppmuring til benk og bord og 2 eldstader innmed bergveggen. Ei større steinblokk er rasa ned i sentrum av hellaren. Vel 2,5 meter utanfor hellaropninga ligg det ei rad med steinar/mur som kan væra ein del av ein konstruksjon tilhøyrande seinare bruk av hellaren. Høgda over havet er på kring 12-15 meter.Det er tatt tre prøvestikk i og like i kant av hellaren. I prøvestikk nummer ein vart det observert ei todeling av strategrafien, der ein hadde tørr lys brun jord under torva, men der botnlaget var mørkt og inneheld ein del trekol. Prøvestikk nummer to som er plassert utanfor hellaropninga viser at under torva ligg eit mørkt jordlag over eit lyst brunt sand og gruslag. Det kan ikkje utelukkast at dei trekolhaldige laga er det same i dei to stikka. I prøvestikk nummer tre som er plassert inn under dråpefallet er lagdelinga noko ulik. Her er under eit 10 cm. tjukt lag med røter og barnåler eit 25 cm. tjukt lag med mørk tørr jord, blanda med fin sand og røter. Under dette eit 15 cm. tjukt lag med mykje trekolhaldig jord, med klart avgrensa lommer av fin sand. Under dette eit vel 45 cm. tjukt lag med mørk jord - mykje trekol i heile laget. Under dette eit lag med lysare masse - ikkje undersøkt på grunn av djupna. Det vart sendt inn ei trekolprøve frå nedre del av prøvestikk 3. Resultatet frå denne viser at ein har ein ukalibrert verdi på 1630 +/- 60 BP. Kalibrerer ein denne får ein ei brukstid av hellaren ut i slutten av eldre jernalder.
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 91065-1
    lokalId
    • 91065-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217