• 91066-1

    id
    • 91066-1
    datafangstdato
    • 1997-09-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-04-08T10:28:53Z
    informasjon
    • Hellaren ligg i eit beiteområde for sau. Terrenget er noko brattlendt, vegetasjonen er i hovudsak grastorv og mindre rognetre. Fjellmassivet er delvis overgrodd med grastorv, men fleire stader er det større nakne bergflater og større stein. På sørsida av bergkollen, vel 30 meter over havet er det ein mindre forkasting som gjev ein vel 2 meter djup og 5-6 meter lang hellar. Austre del av hellaren skrånar oppover, medan ein i vest har eit flatt parti. Det er tatt to prøvestikk på lokaliteten der begge har gjeve funn av flint og trekol. Funna på lokaliteten er funne i øvre del av laget like under torva. I prøvestikk nummer 1 er det først eit 3-4 cm. tjukt torvlag. Tilsvarande er 10 cm. tjukt i prøvestikk 2. Laget under i prøvestikk 1 består av raud jord, tørr og med lite stein. Lag 2 i prøvestikk nummer 2 er mørkt på farge og inneheld i motsetnad til prøvestikk 1 også trekol. Då det var funn i begge prøvestikka vart det sendt inn ein prøve med trekol til datering av lag 2 i prøvestikk 2. Resultatet av denne viser ein ukalibrert verdi på 1620 +/- 50 BP. Kalibrert viser dette aktivitet i romertid og folkevandringstid. Funnmaterialet viser også her at steinteknologien er til stades. Her er fleire små avslag. Hellaren er likevel så liten at ein langvarig busetnad er lite truleg, men plasseringa og utsynet gjer at staden kan ha vore ein sesongvis opphaldsstad.
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 91066-1
    lokalId
    • 91066-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217