Sjølve lokaliteten ligg på ein flate i terrenget. I bakkant mot aust skrånar flata opp på øverste avsats 4-5 meter høgare opp. Flaten er kledd med lyng og torvmose. På staden veks det noko gran, vier og osp i kanten av lokalitetsflata. Det er tatt i alt 4 prøvestikk på og i nærleiken av funnstaden, desse avgrensar lokaliteten til området rundt prøvestikk nummer 1. Strategrafien i ps. 1 viser at det ikkje er eit markert kulturlag på staden i hovudsak er det torv og rot lag over eit lag av grov grus (prøvestikk 1). I dei funntomme prøvestikka viser det seg å vera eit finkorna grått sandlag under torv og rotlaget. Inntrykket av lokaliteten er at dette er ein mindre lokalitet der aktiviteten har vore av kortvarig karakter. Storleiken på lokaliteten er omlag på 20 kvadratmeter.