• 91074-1

    id
    • 91074-1
    datafangstdato
    • 1983-08-12T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-04-08T15:05:58Z
    informasjon
    • Historisk museum vart i 1983 kontakta av Bård Kolflaath, som på Mangersnes hadde funne eit lag av tømmerstokkar, bark, kvist og hoggeflis under graving av ein kanal frå Nesvatnet til sjøen. Etter synfaring vartdet gitt løyve til vidare graving dersom museet vart varsla om spesielle funn eller konstruksjonar (sjå innberetning ved A. B. Olsen, 15.08.83). Ei C14-prøve av treverk i kulturlaget (T-5306) gav dateringa 1780 +/- 60 BP, dvs. AD 185 +/- 75, og gjenstandar som Kolflaath sende inn til museet, vart m.a. identifisert som eit ardskjær og restar av eit spant av alderdommeleg type, ettersom spantet hadde vore surra til skroget med lindebast. Det vart difor vedteke å sette i gang ein fagmessig undersøking i 1986. Utgravingsområdet ligg i det eine av dei to utløpa Nesvatnet har i Nesvågen. Denne greina av utløpet strekte seg som eit lite sund i 60-70 m lengde og 10-15 m breidde før det smalna inn til eit par meters breidd mellom to knausar. Myrlaget med funn av treverk er ca. 60-70 m langt og har ei gjennomsnittleg breidd på 10 m, nokre stader opp til 15 m. Dette gir eit areal på over 600 m2 der det ligg treverk under torva. I alt vart det i 1986 undersøkt eit område på 21 m2. Mangersnesfunnet er verken grav- eller offerfunn. Dei slitte og øydelagde båtrestane viser at det ikkje er snakk om ein eller fleire heile båtar, men om enkeltdelar som saman med store mengder treavfall er brukt til oppfylling av eit lite sund eller ei lita vik. Lokalitetstypen må derfor heller kallast ein stad der båtar er bygde og reparerte, og at det er avfallsmassane frå dette arbeidet som no er funne. Utgravinga på lokaliteten i 1986 gav så interessante funn at det vart beslutta å gjennomføre ei vidare undersøking sommaren 1987. Då vart det grave i eit område på totalt 20,5 m2. Her vart det funne 37 gjenstandar. Gjennomgangen av funna frå 1986 og 1987 viser at det utan tvil i myrpartiet mellom Nesvatnet og Nesvågen ligg kompakte lag med treverk deponert her i eldre jernalder og at det innimellom treverket ligg restar av båtar og båtrelaterte gjenstandar. Konsentrasjonen av gjenstandar ser ut til å ligge i den nordlegaste delen av myra mellom brua og demningen. Berre ein mindre del av dette området er gravd ut, og det er ingen tvil om at det enno skjuler seg verdfulle gjenstandsfunn i myra. Den siste utgravinga ser ut til å stadfeste at sjøen i eldre jernalder har gått inn i dette området så langt som til det smalaste partiet under brua.
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 91074-1
    lokalId
    • 91074-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217