Steinalderlokaliteten ligg på eit flatare parti i eit aust-vestgåande drag, verna av låge knausar på alle kantar bortsett frå i SV der terrenget skrånar nedover. To prøvestikk, derav eitt funnførande med to brente flintavslag i grått sandlag. Ut frå landskapsmessig avgrensing kan lokaliteten vere vel 160 m2. På flata veks det gras og lyng og tett einerkratt inntil knausane.