Helleren ligg der bergveggen er svakt utoverhengande. Dråpefallet går 1/2-1 m ut frå veggen i ca 9 m lengde og framfor ligg ein låg voll i same lengde. Eit funnførande prøvestikk innfor dråpefallet gav eit nærare 1 m tjukt, feitt, svart kulturlag og 415 funn, vesentleg i flint. Her veks gras, mose og lyng i blandingsskog.