Det vart grave fire prøvestikk i dette området. I to prøvestikk attmed bekken bestod undergrunnen berre av myrjord. Ved berget i sør vart det ved bruk av sondèrbor påvist lausmassar og trekol i undergrunnen. Dette er eit lite og klart avgrensa område, som ligg noko høgare enn området ved bekken, og som òg er avgrensa mot nord av store og mellomstore steinar. Her vart det grave to prøvestikk,men berre eit av desse var funnførande (PS1). I prøvestikk 1 kunne det skiljast ut tre distinkte lag: 1) torv (om lag 15 cm), 2) trekollag (om lag 5 cm; funnførande) og 3) eit sand og gruslag som òg inneheldt nokre trekolbitar. Det vart gjort eitt funn av eit grått flintavslag i lag 2. Frå dette trekollaget vart det tatt ut ein dateringsprøve. Denne gav ei C14-datering til år 1795 ± 65 BP (T17073), med ei kalibrert datering til tidsrommet 140 ¿ 335 e. Kr. Dei analyserte treslaga var bjørk, hassel, eik og furu. To meter vest for PS1 vart det òg grave eit prøvestikk. Her vart det ikkje gjort funn, og trekollaget (lag 2) kunne heller ikkje påvisast. Dette er viktig, då lag 2 i PS1 difor ikkje kan tolkast som eit avsviingslag, men heller som ein mogleg eldstad. Dette er ein særs liten lokalitet, avgrensa av berg mot sør og myr mot nord. I aust kunne lokaliteten ikkje avgrensast, då det ligg store steinblokkar her. I vest vart det grave eit funntomt prøvestikk. Totalt måler lokaliteten om lag 3 x 6 meter N-S. I jernalder har havnivået stått nokre meter høgare enn det gjer i dag. På kartet kan ein sjå at med eit havnivå på om lag 5 meter over dagens har det vore ei vik nett nedanfor (vest for)lokaliteten. Han ligg godt skjerma mot vêr og vind.