• 91324-1

    id
    • 91324-1
    datafangstdato
    • 2004-07-21T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-05-11T13:41:27Z
    informasjon
    • I skråninga nord for dette myrdraget vart det grave fire negative prøvestikk. På eit lite platå lengst mot søraust vart det og grave fire prøvestikk. I to av desse prøvestikka vart det gjort funn av gjenstandar som kan daterast til steinbrukande tid. I prøvestikk 1 (PS1) vart det funne ein ryggflekke og seksten avslag av flint. I prøvestikk 2 (PS2) vart det funne eit avslag av bergkrystall. Det vart òg tatt ut ein trekolprøve frå lag 2 i PS1. Denne vart sendt til NTNU i Trondheim for C14-datering. Ut frå topografien og dei tomme prøvestikka, ser ein at dette er ein liten lokalitet. I storleik er han om lag 4 x 6 meter N-S. Truleg har dette vore eit såkalla aktivitetsområde. Frå prøvestikk 1 vart det tatt ut ei trekolprøve. Denne vart datert til ca. 1935 ± 50 BP, dvs. innanfor tidsommet 25 - 130 e. Kr. (som er innanfor perioden Romartid). Dette er ei datering som ikkje stemmer med ei datering til steinalder av funna som vart gjort på lokaliteten. Det er difor truleg at trekollaget (lag 2) anten representerar avsviing i samband med dyrking eller ein skogbrann i området. Men ein kan ikkje sjå bort frå at prøven kan vere frå ein eldstad frå romartid. Lokaliteten ligg i dag på mellom 15 - 20 moh. Dersom ein antar at lokaliteten i si tid låg i nærleiken av strandkanten, kan dette tyde på at han må daterast til ein gong i eldre steinalder. Men ein kan ikkje seie noko meir nøyaktig enn dette. Funnmaterialet frå lokaliteten er så sparsamt at det vanskeleg lar seg gjere å datere han anna enn til steinalder generelt. Dette passer òg godt med plasseringa av lokaliteten i høve til førhistorisk havnivå.
    kommune
    • 4626
    kulturminneId
    • 91324-1
    lokalId
    • 91324-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217