På nordsida av Våkavadet og nedanfor (sør for) Rv 7 ligg det ein graskledt flate. Denne er noko kupert, og med ein del mellomstore steinar liggjande utover. Forutan gras, veks det ein del vierkratt her. Frå flaten stig terrenget bratt opp til riksvegen. Midt på eit noko lågareliggjande område på flata ligg det ein ruin av eit sel bygd av stein. Vest-sørvest for denne bygningen, og heilt nede ved elva, vart det observert eit tydeleg søkk i bakken med markerte vollar rundt. Her vart det grave fire prøvestikk. Eit vart grave i vollen og eitt i eit tydeleg søkk i vollen i søraust. Begge desse prøvestikka var funntomme. I dei to prøvestikka som vart grave nede i søkket vart det påvist eit trekol-/kulturlag over eit minerogent, oskegrått lag. I kulturlaget vart det gjort funn av flint. I prøvestikk 1 (PS1) kunne det skiljast ut fire distinkte lag: lag 1 var torv (om lag 20 cm), lag 2 var mørk brun/svart sand med noko trekol (om lag 5 cm; funnførande), lag 3 var gråblå silt (om lag 10 ¿ 20 cm tjukt) og lag 4 rustraud sand/silt med steinar i botn. I lag 2 vart det funne sju avslag/bitar av flint. Det vart tatt ut ein trekolprøve av lag 2. Også i prøvestikk 2 (PS2) kunne det skiljast ut fire lag: lag 1 var torv (om lag 15 cm), lag 2 var mørk brun/svart sand med ein god del trekol (om lag 10 cm; funnførande), lag 3 var gråblå silt (om lag 20 cm) og lag 4 var rustraud sand/silt. I lag 2 vart det funne to avslag/bitar av flint, der den eine var brent. I dette laget var det òg skjørbrent stein. Det er ikkje usannsynleg at prøvestikk 2 har treft restane av ein eldstad. Det vart tatt ut trekolprøve av lag 2. Søkket i bakken måler 9 x 6-7 m N-S, og med vollane måler heile lokaliteten 12 x 12 m. Vollane er låge, men likevel tydelege. Frå botn av lokaliteten til toppen av vollen er det om lag 0,5-0,7 meter. Det er truleg at lokaliteten bør tolkast som restane av ein tuft frå førhistorisk tid. Eit søkk i søraustlege del av vollen har truleg vore inngangen til tufta. Dette er vendt direkte mot vadet. Tufta ligg godt skjerma mot vind frå nord, vest og aust. Funna som vart gjort i PS1 og PS2 er flint som tydeleg er tilverka av menneske. Men flintmaterialet har ikkje preg av å vera frå steinalder. Det vart tatt ut trekolprøvar frå begge prøvestikka. Desse vart sendt til NTNU i Trondheim for radiologisk datering. Prøven frå prøvestikk 1 er datert til vikingtid, medan prøven frå prøvestikk 2, lag 2, gav ei datering til 1340 ± 80 BP (T-17189), kalibrert til tidsrommet 645 - 775 e. Kr. Dette svarar til den arkeologiske perioden merovingartid (om lag 575 ¿ 800 e. Kr.). Dei analyserte treslaga i dateringsprøven var bjørk og furu.