• 91328-1

    id
    • 91328-1
    datafangstdato
    • 2004-03-17T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-05-12T12:10:49Z
    informasjon
    • Det vart prøvestukke fleire stader langsetter Rv555 i området ved botnen av Førdespollen. Undergrunnen viste sand og gruslag i fleire av prøvestikka, men berre i området der det frå før var kjent funn blei det gjort nye funn av førhistoriske gjenstandar. I utgangspunktet var det noko uvisst akkurat kor B11756 tidlegare hadde vore funne. I Førhistoriske minne, Sund prestegjeld av Per Fett (1967) står det at dei vart funne ¿på ei hylle i eit dalsøkk opp frå austre vika innst i Førdespollen om lag 15 moh. B11756 er plukka opp 20 m N for vegsvingen, halvhundre meter frå sjøen¿. Ut frå denne skildringa var det ikkje noko større problem å finne att denne flata det her vart vist til, men meir uvisst akkurat kor funna hadde vore gjort. Som del av denne registreringa var det viktig å påvise lokaliteten, og dernest å avgrense denne. Det vart stukke med sondèrbor på flata der den tidlegare registrerte lokaliteten skulle liggje, og i område der det vart påvist sand og grus i undergrunnen vart det grave prøvestikk. Totalt vart det grave tre prøvestikk her, og massane sålda i ein liten bekk attmed lokaliteten. I prøvestikk 1 (PS1) vart det funne eit lite avslag av flint. Dette prøvestikket vart tatt på ein myrete flate med mykje vatn i undergrunnen, og det vart difor ikkje mogleg å teikne profilen i stikket. I prøvestikk 2 (PS2) vart det funne fire avslag/bitar av grå kvartsitt, ein bit av bergkrystall, eit fragment av ei mikroflekke av bergkrystall samt ein liten rund, kvit stein. Berre to lag kunne skiljast ut i dette prøvestikket: lag 1 ¿ torv (om lag 30 cm), og lag 2 ¿ grå sand og grus, og med nokre større steinar (om lag 25 cm; funnførande). Prøvestikket vart grave ned til berg. I prøvestikk 3 (PS3) vart det funne ein vassrulla bit av flint samt ein rund stein (truleg ein knakkestein). Tre lag kunne skiljast ut her: lag 1 ¿ torv (om lag 25 cm), lag 2 ¿ ljos gråbrun sand/silt, litt leirete (om lag 15 cm; funnførande) og lag 3 ¿ mørk gråbrun sand. Avgrensinga av lokaliteten var gitt av topografien og nyare tids inngrep. I vest er lokaliteten avgrensa av eit berg, mot sør av ei vegskjering og mot aust av ein grusveg. Mot nord stig terrenget gradvis, men her vart det ikkje påvist lausmassar i undergrunnen. Totalt måler lokaliteten om lag 14 x 13 meter, N-S. Det vart ikkje påvist trekol i kontekst med funna på lokaliteten. Lokalitet 1 ¿ Førdespollen ligg på omlag 10 - 12 moh., som tyder på ei datering til siste del av eldre steinalder. Ut frå strandlinediagram utarbeidd for Sotra tilsvarar 10 - 12 m over dagens nivå ein alder på omkring år 8500 til 5500 før notid. Da går ein ut frå at buplassen i si tid låg i strandkanten, og ikkje eit stykke unna sjøen. Også funna indikerer at lokaliteten kan daterast til slutten av eldre steinalder. Her har vore nytta fleire skilde typar av råstoff, og ikkje berre flint. Funna som vart gjort i samband med denne registreringa er ikkje diagnostiske nok til å kunne gi ei nærmare datering. Men mikroflekken av bergkrystall frå prøvestikk 2 kan peike mot ei datering til siste del av eldre steinalder, seinmesolitikum (om lag år 7500 ¿ 5200 før notid). Ein slik mikroflekke vart og funne her tidlegare (B11756), noko som igjen støtter ei datering av lokaliteten til seinmesolitikum.
    kommune
    • 4626
    kulturminneId
    • 91328-1
    lokalId
    • 91328-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217