• 91330-1

    id
    • 91330-1
    datafangstdato
    • 2003-10-21T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-05-12T12:54:51Z
    informasjon
    • Tufta ligg langsmed bergveggen ved Bustafjellet, rett ved grensa mellom bruk nr. 436 og 498. Tufta er fint mura opp på tre sider der bergveggen dannar den fjerde naturlege veggen. Tufta er nærmare kvadratisk, og måler ikring 3,25 x 4,30 meter. Dråpefallet går i underkant av ein meter utanfor tufta. Det er i dag enno godt synleg kor inngangen har vore. Ved stikking med sonderbor vart det påvist kol i det nordaustlege hjørnet av tufta, her vart det tatt eitt prøvestikk. Det vart ikkje påvist trekol i undergrunnen på utsida av tufta, så trekollaget må sjåast i samanheng med menneskeleg aktivitet under hellaren. Det funnførande prøvestikket målte om lag 40 x 40 cm, og var i overkant av 40 cm djupt. Følgjande lag kunne skiljast ut: Lag A: Brunsvart humushaldig sand, mindre kantete stein, funn av kolbitar. 6-16 cm djupt. Lag B: Lysbrun humushaldig sand, ein del kolbitar, 15-24 cm djupt, Lag C: Kollag, 4-5 cm djupt. Lag D: Lys, gulbrun sand og grus, steril. Prøvestikket vart etter fjerning av torv grove med graveskei, og massen vart tørrsolla. I øvste del av lag A vart det funne ein flat, rund korkbit og ein mindre bit av glas. I dei 5 nedste cm av lag B vart det funne ein liten knakke- eller eldslagingsstein. Denne kan vere forhistorisk. Det vart tatt ut to trekolprøver i prøvestikket. I lag B vart det plukka ut ein del store kolbitar, som låg ikring 10 cm ned i laget (KP 1). Prøva frå kollaget, lag C, vart tatt eit par cm ned i laget (KP 2). Trekolprøve nr. 1 gav ei C14-datering til ca. 590 ± 65 BP (T-16781), med ein kalibrert alder til 1305 - 1415 e. Kr. Dette tilsvarar mellomalder (1030 - 1537 e. Kr.). Det analyserte materialet inneheldt bjørk og furu. Trekolprøve nr. 2 gav ei C14-datering til 1780 ± 75 BP (T-16782), med ein kalibrert alder til 145 − 380 e. Kr. Dette tilsvarar eldre/yngre romartid (0 - 400 e. Kr.). Det analyserte materialet inneheldt bjørk, hassel, hegg/rogn og furu.
    kommune
    • 4627
    kulturminneId
    • 91330-1
    lokalId
    • 91330-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217