Aust for nausta, sør for trappenedgangen, er det loddrette fjellsider. Her er ein liten hellar under fjellet 10 meter aust for det austlegaste naustet, og om lag 4-5 meter over dagens havnivå. Hellaren har opning ut mot vest. Golvflata skrånar litt nedover, og truleg er det ein liten terrasse i berget som dannar golvet. Den er tresidig i plan med ein spiss inn mot indre del av hellaren. Han er omlag 4 meter djup og 5 meter brei. Bergveggen skrånar jamnt opp omlag 10-15 meter. Avstanden frå stranda er 10 meter. Det er fullt av plankar og skrot på hellargolvet. Det vart grave eit lite (0,2 x 0,2 m)prøvestikk midt på golvet i hellaren. Det var svart kulturjord overalt på golvet og i prøvestikket ned så langt som omlag 20 cm. Her var det ein stor stein som hindra vidare graving. Det var mykje trekol og skjørbrent stein i kulturjorda. Eit liknande prøvestikk vart grave ytst ved opninga. Her låg dessutan litt ostraskal og fliser av brende bein. Ingen reiskapar eller flintavslag vart funne, men kulturjord, trekol og ostraskal saman med brende bein skulle tyde på at hellaren har vore nytta som buplass. Mangel på flint, samt den låge høgda over havet skulle tyde på ei datering til jernalder eller seinare.