Lokaliteten ligg omlag midt i gryta, lokaliteten si øvre grense går i terrengkanten av draget i sør. Mot nord er det ingen naturlege grenser, men har truleg vore i kant med gamal strandlinje. Lokaliteten strekker seg i austvestleg retning nær tvers over daldraget. Det vart gjort 2 funnførande stikk og 3 funntome prøvestikk. Den funnførande flaten dekkjer truleg det sørlege arealet av draget. Lokaliteten synest vera i god stand, det er ikkje spor etter aktivitet i samband med militæraktivitet i området. Området er rimeleg utilgjengeleg og har av den orsak blitt liggande urørt. Dei funnførande prøvestikka viser ei lagdeling med vel 20 centimeter med torv og mose. Under dette eit lag med grus som er grov med noko stein. Under dette eit lag med fin silt.