Lokaliteten er påvist i eitt prøvestikk i 2002, med funn av fem avslag. Lokaliteten ligg plassert på austre side av det nord sør gåande daldraget. Det vart tatt fleire prøvestikk i nærområdet, men dei gav ingen funn. Grensa mellom 42/15 og 40/29 går vel 6 meter sør for funnstaden. Grensa, ein låg steingard med gjerde, går tvers over dalen. I samband med ei ny reguleringsplan i 2013 vart det tatt ytterlegare prøvestikk i området. Det vart gjort funn i eit prøvestikk, to avslag og ei retusjert flekke. Tilstanden til lokaliteten er god. Det er ingen aktivitet som har forstyrra lokaliteten. Høgd over havet på vel 21 meter over havet og gjenstandsmateriale tyder på ei tidfesting truleg til tidlegmesolitikum.