• 91777-1

    id
    • 91777-1
    datafangstdato
    • 1972-05-10T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-06-29T10:37:57Z
    informasjon
    • Hellaren er opptil 5 meter djup og 10 meter lang under fjellveggen. Høgda opp til hellartaket er om lag 6-7 meter. I ein ståande profil under den sørlege steinblokka i hellaren kunne ein sjå at kulturlaget var stratifisert. Øvst var det veldig mykje trekol i laget, innblanda mellom skjørbrent stein. Det er moglegvis ein eldstad som er snitta under denne steinblokka. I så fall har eldstaden eit tverrmål på om lag 1 meter, og ei djupne på om lag 20-30 cm. Under dette trekollaget kom eit lag med mørk kulturjord, og under dette igjen eit lag med veldig mykje skjel. Dette teikna seg nesten som eit kvitt lag i profilen. Under skjellaget kom det så meir rein, svart kulturjord. Dette siste laget utgjorde det meste av profilhøgda. Det er truleg at heile hellaren må daterast til jernalder, og at den kan samanliknast med fleire av dei kjente hellarane frå denne perioden, til dømes Kuhilleren på Huglo i Stord og hellare i Sandvikvåg på Fitjar.
    kommune
    • 4627
    kulturminneId
    • 91777-1
    lokalId
    • 91777-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217