Gravfelt med 4 gravrøyser. Røys 1 er mest synleg med stein i dagen, og ligg lengst sørøst. Røys 2 ligg 10 meter NV for denne, og er låg og overvokst med gras. Røys 3, lengst mot vest, er ein røysrest som vart avdekt under graving av kabelgrøft i 2015. Denne er ikkje synleg. Sjå tekst under kvar enkeltminne for meir informasjon. Røys 4 er også ein røysrest som vart funne ved overvaking knytt til fiberkabel i 2021.
Lengst sørøst innanfor gravfeltet er det observert ei steinsetting. Det er mogleg at dette kan vere restar etter enda ei gravrøys.