Røys nr. 6 (R6) har eit tverrmål på omlag 7m. Ho er noko høgare enn terrenget, men ikkje mykje. Ein varde er bygd i nyare tid i nordenden av røysa. Sør for denne er eit søkk som måler 2mx2,5m. Det er delvis dekt av eine. Søkket er 50cm djupt. Eit tjukt torvlag skjuler steinane.