Røysa har eit tverrmål på omlag 12m. Mykje stein ligg oppe i dagen. I SSV - lege enden er røysa dekt av eine og lyng. Mykje stein er kasta ut frå sentrum, der krateret er 4m i tverrmål og 1,5m djupt. Det er vanskeleg å dømme om høgda fordi landskapet heller mot vest. Eg målte 1,20m i aust og 2,3m i vest. Det veks buskar og lyng i sentrum.