Jermannburet er med sine 99 meter det høgaste punktet på Gossen, og området er eit populært turområde med flott utsikt ut mot Julsundet og Jendemsfjellet. På toppen ligg ein ca.120 cm høg flatsida bautastein. Steinen vart teke ned under første verdskrig, og seinare reist av tyskarane, i samband med dette blei den delvis øydelagt. Steinen som i dag ligg på toppen er ganske sikkert botn av bautaen som blei skildra i 1930. Den gongen blei den målt til å vere 220 cm. Det blei også funne restar av ein steinring 4-5 meter i tverrmål.
Bautaen er i dag plassert liggjande i nærleiken av eit triometrisk punkt oppå eit lite steinfundament.
Beskrivelse fra innberetning i 1966 (TopArk dok. 45131).
På Gjermanburet henimot Hogsnes ligger en ganske vid røys, opprotet i toppen. Om steinen på toppen av Jermannsburet opplyses eieren Odd Hole i et notat av 12/12-1966: denne steinen ble tatt ned under verdenskrigen 1914-1918, men reist opp igjen. Så ble den av tyskerne tatt ned igjen i 1942 og ble da delvis slått i stykker. Den nederste del av denne steinen ligger fremdeles på toppen av Hjermannsburet og er vel en meter lang. Steinen i sin opprinnelige størrelse var ca. 2 m. høy. Fra havet markerte den innseilingen når den stod i retning på Varden som står oppå Gjendemstoppen i Julsundet.