Spreidde trekolpartiklar i jorda, men markert trekollag som dekka ca 7 x 5 m, orientert A-V. Kollaget 4-6cm tjukt låg under torva og over utvaskingslaget. Generell stratigrafi målt frå overflata: grasdekke, torv: 1-20cm kollag 20-26cm, utvaskingslag (silt) 26-30cm, oransjebrunt anrikningslag (silt) frå 30 cm. Det var ikkje større stein som sikkert kunne markere hjørne eller vegger, men desse kunne blitt nytta til bygginga av hytta like ved. Det blei teke ut materiale til C14 prøve frå kollaget innan eit område 25 x 15 cm. Lagfolgje: sjå generell stratigrafi.