• 92439

    id
    • 92439
    datafangstdato
    • 2005-08-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-08-01T17:24:13Z
    informasjon
    • Gravhaug. Kartfestinga er ikkje heilt nøyaktig, men nokså nøyaktig. Namnet kjem av oreskog (dialekt: ei år - fleire ær'a). "I Ershaugen på Refsnes er funne desse oldsaker frå yngre jarnalder: eit tveeggja sverd, tvo økseblad og fire pilespissar, alt av jarn. Då dei hadde funne desse oldsakene, blei dei lagde inn i eit kammers, men der blei slikt leven at det var ikkje måte på. Folk som låg på loftet over kammerset høyrde om natta hovslag og tramping av hestar, og sume tider var det som ein heil hær kom farande. Dette heldt på lenge, og folk grunna mykje på kva det kunne vera. So ein dag kom ein prest til Refsnes og blei verande der natta over. Om morgonen spurde presten husbonden kva det var for leven det hadde vore om natta. Bonden hadde også høyrt ståket, og no blei gravgodset sendt til eit museum. Dei hadde den trua på garden at det var synd å rota i gravhaugar og uroa dei døde." (M. Breilid). Tradisjon: "Lærar Endre Refsnes fortalde i 1945 etter sin far ei segn om at det eingong skulle ha stade ein kamp millom Refsnes og Hårtveit og at Ershaugen då blei nytta som utkikksplass. Han sa og at det var teke jord til haugen frå jordet ikring og peika på ei hole som minne om det." (M. Breilid).
    kommune
    • 4225
    kulturminneId
    • 92439
    lokalId
    • 92439
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Agder fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217