• 92466-1

    id
    • 92466-1
    datafangstdato
    • 1900-01-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-08-02T13:02:54Z
    informasjon
    • Laus steinblokk ca 1m tjukk (høg) som ligg på skrått med vestenden inn i urda slik at ein får eit opplett i aust i retning elva i form av ein huk på ca 1,5m høgd på det mest. Høgda avtek innover, til saman ca 2-3m lengd innover og ca tilsvarende breidd ved opning. Trong og lågt, men ly i uver. Steinen har ei mot vest nedskrånande flate på topp. Tverrmål på denne flata ca 3,5m. Vitesteinen er ein av tre namngjevne steinar i denne urda. Dei andre er Nibbesteinen som ligg lenger oppe, og Kjerringsteinen lenger nede. Kjerringsteinen sprengd ca 60 år sidan-der skal ha vore funne ein skålgropstein med oske i, tapt. kjeldene til vitesteinen som vete er: Namnet. I hjørundfjorden er det berre Vetesteinen og Leknesveten som har vetenemningar i bruk og Vetesteinen er einaste konkrete stadnemninga. Det er ikkje kjent samanblanding av "varde" og "vete" i Hjørundfjord. Folk presiserer idag at ein ikkje seier Vetesteinen, men Vitesteinen (trong E går mot I). Stadnamnet er framleis levande. Tradisjonsstoff innsamla av Elling urkegjerde: " Det har vore ulike meiningar om nokre av dei stadane ein brende vitar i eldre tid. Men det har vore semje om nokre stadar...Det var i Årsnesrøra, Leknesrøra og Røvaurda ovanfor fremste - Holen. I denne urda ligg det ein stor stein som heiter Vetesteinen den dag i dag. Fleire har fortalt om denne staden, om korleis dei sat og passa ljoset, og om ymse arbeid dei hadde føre seg medan dei sat der."..sitat frå E. Urkegjerdes papir gjengitt i Grøvik 1975:122). Idag er det ikkje levande tradisjon på dette. Det er fleire ledd som måtte til skulle det ytre varslingssystemet nå inn i Hjørundfjorden-andre stader med vetetradisjon i det gamle Hjørundfjord skipreide er Hundaveten (ikkje direkte sikt Leknesveten). Frå Leknesnakken kan ein ikkje sjå direkte ut til Hundaveten og Årsnesrøra er nemnt som mogleg bindeledd. Koblingar til Storfjorden - Fyrde skipreide der Bjørke/Skjåstaddalen høyrde til og er aktuelle. Vestover via sikt fjella Vatne/ Åmdalen kan det ha vore tilknytning til Ørsta skipreide.
    kommune
    • 1520
    kulturminneId
    • 92466-1
    lokalId
    • 92466-1
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217