Den overfløymde buplassen vert påvist med 4 positive av totalt 9 prøvestikk i 2001. Den vart avgrensa med 10 stikk i 2003, derav 3 positive. Postitive prøvestikk: G1, G2, G3, Ø1, Ø2, Ø3. Funna er vassrulla flintavslag utan kulturlagstilknytning. Hovudtyngda ligg samla rundt G1, G2, G3, R3, Ø1 i nordre del av distribusjonsområdet, rett sør av bebyggelsen på Hestneset. Det er også her vi har nokre funn av importflint og i enkelte prøvestikk her meiner ein det er noko trekol på overgang myr- undergrunn som kanskje kan knyte desse til ein dyrkningshorisont. Distribusjonen sørover avtek, men redeponering av overføymd materiale har truleg gjort funnspreiinga vidare enn opprinneleg lokalisering. Tilhøve til tapesvoll i NV er ikkje avklara, vegen har her forstyrra og det er lagt opp store massemengder.