• 92521-1

    id
    • 92521-1
    datafangstdato
    • 1999-09-20T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-08-03T16:00:52Z
    informasjon
    • Fornminnet er påvist i heile undersøkingsområdet. Undersøkingsområdet er delt i to, grunna planforhold. Begge ligg på dei vide flatane på Osnes, det minste sør for det større ligg innmot Solaberget. Fornminna utgjer etter all sannsynlighet eit samanhengande fornminneområde inkludert dei ikkje registrerte areala imellom. Tilsaman 223 strukturar funne ved registrering i form av flateavdekking i tilsaman 19 sjakter derav 18 positive. Dei 19 sjaktene, tilsaman 1,5 mål (dekar), er fordelt på 12,3 mål stort areal. Den negative sjakta inneheld spor etter gamle-tunet på Osnes. I dei andre sjaktene er det funne automatisk freda kulturminne (faste fornminne) i form av 180 stolpehol (derav 27 usikre), 42 kokegroper, 6 eldstadar, 4 grøfter, ardspor og forhistoriske kulturlag. Kokegropene vart funne i området nærast Solaberget i 3 sjakter. Ardspor, med og utan tilknytning til kulturlag som skil seg frå matjorda, finst over store deler av undersøkingsområdet. Nærast eksisterande gravplass er det funne tjukke kulturlag med ardspor heilt nede på 1,7m under dagnes markoverflate (sjakt 14). I botnnivåa her vart funne asbestkeramikk, slagg, brent leire og brente beinfragment. Flygesand har beskytta desse laga. Det er sendt dateringsprøver frå lag 6 og 3. I dette området nærast sjøen er kulturlaga best bevart. Det finst elles stykkevis bevart i andre deler av registreringsområdet (NA for spor etter gardfar nemnt under, Ottagarden). Aust for desse gamle åkerlaga (nærare vegen) finn ein grøfter som kan stamme etter garfar, steingardar og innhegningar som har vorte fjerna. I den NA-delen av undersøkingsområdet aukar talet på stolpehull og eldstader. Stolpehola representerer fleire hus, der sjaktene gir berre smakebitar. Mest avdekt vart huset i sjakt 17 (tolkningsforslag inneber eit treskipa hus med 7 grinder og boga vegger). Tilleggsregistrering: Se innberetning om arkeologisk registrering ved Osnes kirkegård, nedlegging av kloakkrør samt registrering langs område regulert til fortau. v/Anne Herstad 2008. Funn av 2 kokegroper, 17 stolpehull, 25 staurhull, 2 nedgravninger, ardspor og eldre dyrkningslag. I tillegg ble det gjort løsfunn i sjaktmassene av en skiferpilspiss med tverrdekor, 5 brente flintbiter, 2 flint- og ett kvartsavslag. I forbindelse med utviding av vegen for gangveg, vart det i 2011 gjort ytterligare registreringar langs vegen ut mot Verftområde. Det vart då gjort funn av kokegroper og dyrkingsspor (Nytun 2011)
    kommune
    • 1516
    kulturminneId
    • 92521-1
    lokalId
    • 92521-1
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2017-06-21T22:14:07Z
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217