Sørvest av R1 ligg (fleire?) fordjupningar/nedskjeringar i grunnen. A) Firkanta/rektangulær. Lengd A-V i nord 7,5m / 5,5m, i sør 3,5m. Steinsatt kant. Maks djupn i aust 60-70cm, flatar ut mot vest. Ingen grense synleg N-S i vest. A har meir regelmessig form enn dei andre. Er denne nyare? B) B og C kan vere ei tuft, med inndeling - eller 2. Saman utgjer dei ei rundoval fordjupning på 10,5-11m, med ein høgare ca 1m brei lang voll noko sørfor midten og mot sør. Her har vi skildra dei enkeltvis slik at B vert den nordlegaste biten og C den mellom vollane. Djupn B i nord 0,5m. I nordvest kjem ein her bort i strandmele - denne består av sand. Ein ser stein i kantane men denne er meir uregelmessig enn for A. C)Mogleg sørlegdel av B-maks djupn 0,5m. Her er og moglege fleire tufter.