Fornminnet er påvist med to funnførande prøvestikk ( nr5 og 6). Her vart det funne til saman 3 flintavslag, det eine stort. Fornminnet er dårleg kvalitativt kjent, men utifrå funna reknar vi det for sannsynleg at det her er snakk om ein steinalderbuplass (yngre steinalder). Alternativt kan dette representere fossil åker frå bronsealder eller førromersk jernalder. Buplassen er ikkje avgrensa mot vest/nord/aust. Buplassen er avgrensa mot sør og sørvest. Vidare vart det i eit prøvestikk nr 1 gjort funn av usikker datering (flint, keramikk, leire, bein). Dette vart funne saman med såkalla nyare tids funn som saltglasert steingods (delftkrukke?), grønt glasskår og ein krittpipestilk med usedvanlig fin dekor. Desse funna står isolert. Flintfunna kan forståast som børseflint. Funna kan vere hamna her gjennom gjødsling, ved at dei fyst har hamna på dungen. Alternativt kan flintkjerna sjåast som rest av seinare transgredert buplass. Transgresjonsmaksimun ligg på Vattøya på ca 7 m o h(?) og sidan prøvestikk 1 ligg på vel 5 m vil ei datering til om lag 7000 før notid vere aktuell.