Dei eldste busetjingsspora på Lok 2 Buholmvika er 6420 +/- 170 år gamle (ukalibrert) og representerar ei seinmesolittisk busetjing. Neste fase med busetjingsspor er mellomneolittisk. Disse to eldste busetjingsfasene gir spor etter husstrukturar. Funna til desse fasene er noko forstyrra av yngre busetjing og er dels å finne i botnen av den yngre busetjingas avsette lag. Tredje busetjingsfase på lok2 Buhomvika dominerar buplassen og strekker seg over fleire perioder: seinneolitikum, bronsealder, førromersk jernalder, dvs. sein steinbrukande tid. Sein steinbrukande tid er prioritert i undersøkinga, noko som er reflektert i funnmaterialet. Yngste datering av buplasslag er 190-30f.Kr. kalibrert. om buplassarealet har vore midlertidig og forleten i dette tidsrommet synest ikkje dette stratigrafisk. Utgreve areal- bortimot 20% av funnførande areal - gir ikkje daterte husstrukturar frå sein steinbrukande tid. Imidlertid finnes det i det utgrevne arealet sørre seinneolittiske/eldrebronsealders daterte strukturar som saman med buplassfunn frå heile seinsteinbrukande tid tyder på at hus ikkje kan ha vore langt unna. Austre del av avtorva areal-no tildekt- har ein del stein i toppnivå som kan ha vidare informasjonspotensiale. Buplassen gir enkelte heilt eksepsjonelle funn- som halvedelsteinar og truleg seinneolittisk meiselforma skiferhengesmykke. Dette som bergartøkser, dels i sekundær kontekst, kan tyde på at gravmaterial finns på buplassen. Buplassen har vidare asbestkeramikk som dels gir nye randskårformer. Funn av asbestbitar kan sjåast som teikn på keramikkproduksjon. Buplassen gir vidare ein del slipeplater, eit sjeldant bryne og ei mengd kjerner og avslagsmateriale. Reiskap som er representert i materialet og som kan ha blitt produsert på buplassen er skiferpil og knivfragment, flateretusjerte pilspissar, skraparar, bor. Avslagsmaterialet dominerar. Råstoffordelinga i lag 2 lok 2 Buholmvika er dominert av flint, tildels fin importflint, bergkrystall/kvarts utgjer relativt stor del (tilsaman ca 30% ) medan 3,5% kvartsitt og i underkant av 1% bergart og skifer. Pollenanalyse syner bygg saman med åkerugras nederst i det mektige laget knytt til seinsteinbrukande tid- samstundes som smalkjempe og auka grasverdi generelt gir klare teikn på beiteaktivitet. Mot slutten av busetjinga finns linpollen. Linpollen vert ikkje frakta særleg langt og er truleg å forstå som eit teikn på linåker. Ei minimumsdatering til førromersk jernalder er oppsiktsvekkande. Det er funne enkelte fragmenterte brente bein, i hovudsak i strukturar. Frå desse kan ikkje mykje sluttast anna enn at fiskeressursar har vore nytta også i jordbrukstilknytt økonomi. (str.61 seinneolittisk datering). Buplassen har bein av pattedyr på storleik med oter/mår både frå mellomneolittisk og yngre kontekst. Det er naturleg å sjå buplassen i relasjon til lok 1, Buholmlegene, på andre sida av elva. I den eldste fasen har buplassen der ei datering som dels er overlappande med den eine seinmesolittiske dateringa på lok 2 Buholmvika. Seinmesolittisk funnmengd synes større på lok 1. Her er også husstruktur av same karakter som lok 2 mogleg å sjå. Den melllomneolittiske fasen på lok 1 er funnmessig svært forsiktig representert, datering stammar frå hellelagd struktur. Over i eine hjørnet liten eldstad med bein, skiferspissar og pimpstein. Dateringane på dei to buplassane er overlappande. Den på lok 2 dominerande sein steinbrukande tid er også representert på lok 1. Men ikkje med strukturar. Seinneolittisk datering er ikkje gjort på lok 1, men seinneolittisk flatrusjert spiss er funne. Ei eldre bronsealder datering på lok 1 er knytt til ein del spørsmål, denne er imidlertid tidsmessig samanfallande med eldrebornsealder - dateringane på lok 2. Desse ligg eit stykke ut i eldre bronsealder, om ein vel å sjå bort frå dateringsprøve i prøvestikk. Lok 1 gir klare teikn på å vere i bruk i yngre bronsealder/førromersk jernalder. Då vert det dyrka bygg, medan området har vore nytta til beiting tidlegare i bronsealder. Lok 1 Buholmlegene synest ikkje nytta som buplass mot slutten av førromersk jernalder, det er derimot lok 2 Buholmvika,men dette representerar sluttfasen i busetjinga. Etter den tid vaks området til med lyng og torv og vart nytta meir ekstensivt enn tidlegare, til beiting. Enkelte isolerte strukturar syner imidlertid aktivitet i området i folkevandringstid/merovingartid. Kanskje vart gardshus og åkrar flytt til dagens innmark på Nærøy?