Bosetningsspor i form av gjendstandsfunn som peikar mot seinneolittisk/eldre steinalders tidfesting. Desse har hovudtyngd mot vest og er påvist frå ca 3,5m.o.h. og oppover. Desse har i vestre del ikkje skikkeleg kulturlagstilknytning.Mogleg kulturlagstilknytning bevart i kulturlag frå kote 5 og nedover/austover. Dette kulturlaget (kalla EKL2) er påvist i sjakta frå ca. 9m og til 29m, midt mellom kote 2 og 3 på kartet. Dette kulturlaget kan vere rest av eldre åkerlag samtidig med funna eller kan representere denne bruken samt yngre i blanding. Det er påvist udaterte forhistoriske strukturar i vestre halvdel av sjakt 1. Sikre er str 1-10 og str 1-22. Nokre er uvisse: str1-3,1-5 og 1-18 med mer. Desse kan vere av same alder som gjendstandsfunna. Hovudtyngda av strukturar i sjakta i vest er av nyare dato. Dei sikre strukturane kan vere yngre enn funna. Strukturane syner at det i område kan vere fleire. Hverken funn/strukturar eller kulturlag er avgrensa utover bytet på bnr 27 mot sør (veg før mark) eller mot vest (lita mark/tunet på bnr 12). Mot aust (vegen) er funna avslutta i god avstand av enden på hagen. Vernegrensa går til bytet. Mot nord er funna frå nordaust mot nordvest avgrensa av 1) veg (ikkje innmålt) opp mot huset, av 2)huset og 3) Smihaugen.