Hellelag/steinsamling i dyrka mark vart funne omlag 1938-39 av bestefar til dagens grunneigar under pløying. Jorda rundt hellene var mørk (svart), sjølv om det er ganske mykje trekol i jorda her elles også. Ein ville ikkje røyve det og pløygde ikkje opp. Markane har kanskje vore pløygd to gangar sidan, omlag 1950 og no då ein kom over hellene att. Her finnst elles ikkje stein/helelr i grunnen. Bakka skal ha prøvd å finne hellene då han arbeidde i Gjerdsvika, men lukkast ikkje. Då eg var her stakk heller og store stein opp av den nypløygde jorda enkelte stader i eit område på 7 x 8m i diameter. Brukar meiner steinen kunne sjåast som ein ring rett etter pløying. Dette var ikkje så godt å sjå den dagen eg var der. Matjorda over er ca. 25cm djup. Undergrunnen er sand. Akkurat her er som eit søkk og her er litt blautare enn elles i området her..Ein kan sjå veitestein gå herifrå steinsamlinga og ned til sjøen.