• 92632-1

    id
    • 92632-1
    datafangstdato
    • 1900-01-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-08-15T16:00:03Z
    informasjon
    • På toppen av Klosterhaugen ligg ei tuft etter ei steinbygning på 5x10 m. Bygget har vore godt synleg inn leia frå Stadthavet - eit seglingsmerke for dei reisande. Kan dette ha vore den fyrste kyrkja, eller eit anneks knytt til eit kloster? Det synte veg til ei trygg hamn, også åndeleg. I berget opp på haugen er det hogge inn to store bumerke. Kongar, som Olav den heilage og Sverre, hadde husting her på sine reiser. Erkebiskop Aslak Bolt låg her i 1433 for å få fastlagt skatteinntektene av kyrkja. Er det nokon av dei som har sett sitt merke i berget, eller er det munkar og pilegrimar i ei ledig stund? Mange stogga her på si reise til Nidaros Beskrivelse fra lokalitet: Det er synlege vollar etter ein mur på eit berg. Dette har vore tolka som spor etter diverse: kloster, slik namnet peikar mot, "gildestofva i Herøyom" og utsiktstårn - over leia (Øystein Ekroll). Eg har laga eit lite registreringsinngrep i vollen - det kom fram marmor som i kyrkja- m/kalkmørtel men større steinar er tekne ut. Det ligg eindel marmorblokker nede i bakken nedanfor. Ruinene er altså ein låg overgrodd voll. På berget den ligg på er det også innhogne bumerkje. Beskrivelse fra Enkeltminne: Det er synlege vollar etter ein mur på eit berg. Det har vore tolka som spor etter diverse: kloster, slik namnet peikar mot, "gildestofva i Herøyom" og utsiktstårn - over leia (Øystein Ekroll). Eg har laga eit lite registreringsinngrep i vollen - det kom fram marmor som i kyrkja- m/kalkmørtel men større steinar er tekne ut. Det ligg eindel marmorblokker nede i bakken nedanfor. ruinene er altså ein låg overgrodd voll. På berget den ligg på er også innhogne bumerkje.
    kommune
    • 1515
    kulturminneId
    • 92632-1
    lokalId
    • 92632-1
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T03:19:36Z
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217