Lokalitet påvist ved maskinell sjakting i samband med Detaljregulering for Slåtten barnehage og bustad i mars 2025.
Innanfor lokaliteten er det seks funnførande sjakter. Det vart påvist fleire førhistoriske dyrkingslag i alle dei seks sjaktene. Vestland fylkeskommune ventar på svar på dateringsprøvane frå dyrkingslaga.
Mot vest er lokaliteten avgrensa med bustadshus og hage, negativ sjakt, og infrastruktur. Mot nord er lokaliteten avgrensa med sjakt 9, der dyrkingslaga berre var synleg i delar av sjakta. Mot aust har det tidlegare stått ein bygning (synleg på flyfoto frå 2022), tunveg og negative sjakter vidare mot aust. Lokaliteten er avgrensa av Angedalsvegen og plangrense, før elva som renn frå Angedalen i sør.
Det vart sendt inn totalt fire dateringsprøver: tre frå dokumentert profil i sjakt 8, og den fjerde frå dokumnetert profil frå sjakt 10. Det øvste (L4) av dei laga i sjakt 8 som var tolka for å vere førhistoriske, fekk ei datering frå nyare tid, 1725-1811 cal. AD/225-139 ± 30. Det midtre (L5) av dei tre laga, fekk ei datering frå yngre bronsealder og noko inn i førromersk jernalder. Det nedste (L6) laget fekk ei datering frå merovingartid. Det vil seie at L5 har fått ei datering som er eldre enn laget under, L6. Dette kan grunngjevast med at overgangane mellom laga er diffuse, noko som gjer tolkinga krevjande. Truleg har menneska i førhistorisk tid pløgd opp jorda, slik at massane mellom laga har vorte blanda.
Den siste trekolprøven som vart sendt inn, L4 i sjakt 10, vart datert til romartid. På grunn av slik L4 i sjakt 10 opptrer, vart det i felt tolka for å vere det same laget som L5 i sjakt 7, L6 i sjakt 8, og L4 i sjakt 9-10. Denne tolkinga vert motargumentert av dateringsresultata, sidan L4 i sjakt 10 fekk datering til romartid og L6 i sjakt 8 vart datert til merovingartid. Det er 400-500 år mellom desse to dateringane.