Loft i 2 høgder med svalgang kring heile loftshøgda. Ingen svalgang i burshøgda. Loftet står på underbunad med sviller, stabber/klauver og museflak. Lafteverket i 2. høgda er bygd av tømmer som er felt vinteren 1464 - 1465. Beitskiene til loftsrommet er utbuka med små segment på sidene og med "seljordsbord" oppe og nede. Loftsrommet har trapesforma sviller og rommet kan difor ha vore eit mindre bur. Tåkåsane og nokre få laftestokker er frå 1732. Heile burshøgda skal vera frå 1763, truleg er underbunaden om lag like gamal.