Rundt 500 meter nordaust for ID 284600, der daldraget munnar ut, ligg ein terrasse i landskapet. Her fann vi under overflatesøket flint i åkeren, noko som topografisk sett ikkje var overraskande. Området peikte seg naturleg ut for maskinell sjakting i tillegg.
Terrenget der sjaktene vart lagt er ganske flatt, og sig gradvis nedetter mot nord og vest. I sør og aust er det bratt berg.
Ikkje uventa ligg funna på terrassen og forsvinn når vi kjem nedetter i terrenget. Til saman har vi 6 kokegroper og 6 groper. Vi har ingen klar forståing av gropenes funksjon, men det kan ha sneke seg inn t.d. kokegroper og kolgroper i eit nokre av dei. Grunna tidspress byrja vi hoppe litt med sjaktene når vi gjorde funn, så mengda funn er nok ikkje heilt representativ i høve til meir systematisk sjakting. Slik det ser ut no strekk funna seg ca. 90 x 30 meter. Undergrunnen er raudgul sand og grus.
Ei tenkt forhistorisk strandlinje ligg på rundt 32 moh. Om flinten vi har funne som lausfunn i åker og sjakt representerer ein strandbunden steinalderlokalitet, er vi attende til tidlegneolitikum, rundt 3900-3300 fvt.