Lokaliteten består av ti enkeltminner som utgjer eit gravfelt, og førhistoriske dyrkingslag. Enkeltminna består av gravminne, kokegrop, kulturlag og grøft. Gravfeltet er typologisk datert til eldre jarnalder (truleg romartid) basert på keramikken som vart funne i nokon av gravane. Dyrkingslag aust for gravfeltet er datert til romartid og vikingtid. Lokaliteten er ikkje avgrensa mot nord, og det er rimeleg å anta at det er fleire funn i den retninga. Omtrent 35 meter nord for lokaliteten skal det ha vore ei kyrkje frå mellomalder (id. 84477). Det er og mogeleg at det har vært fleire funn sørover. I dag står det eit næringsbygg sør for lokaliteten, og i tillegg går vegen her. Vest og aust for lokaliteten er den avgrensa med negative sjakter.
Lokaliteten ligg på Indre Hamre i Leikanger, Sogndal kommune. Terrenget er flatt der strukturane vart funne og dei vart funne relativt grunt. På begge sider av flata heller terrenget nedover slik at ein får ei forhøgning som truleg har vore tydeleg og markert i førhistorisk tid. Aust for flata og gravfeltet er det dyrkingslag i djupe sjakter