Lokaliteten består av restar av eit dyrkingslag frå sein-mellomalder og inn på 1600-talet. Lokaliteten er avgrensa i manglande funn mot nord og aust. I sør og vest heldt dyrkingslaget fram ut av planområdet og er ikkje avgrensa den vegen.
Dyrkingsrestane som er funnen opptrer usamanhengande i nordaustleg del av sjakt 12. Laget er mest samanhengande og synleg i nordvestleg sjaktekant.
Dyrkingslaget er mørkegrå, trekolspetta silt og ligg på 27-33cm djupne.
Lokaliteten ligg i relativ flat slåttemark, men området ber preg av moderne inngrep. Slåttemarka grensar til eit inngjerda beiteområde. Beiteområdet består av kupert terreng med elve- og isbreavsetjingar i form av store og små graskledde grushaugar. I grensa mellom beite og slåttemark kan ein tydeleg sjå ein sårkant der det er grave opp mot ein halvmeter ned på slåttemarka. Truleg har det kuperte terrenget haldt fram utover dagens slåttemark og i moderne tid blitt skava ned og planert ut. Det vart observert plogspor som gjekk djupt ned i undergrunnen.