• 936540

    id
    • 936540
    datafangstdato
    • 2025-05-05T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2025-05-27T15:05:18Z
    informasjon
    • Lokaliteten vart fyrst påvist med funn av i underkant 100 avslag, flekker og flekkekjerner av flint og eit par moglege bergartsøkser, i hjulspora etter hogstmaskiner. Vi har her ei høvesvis stor flate som skrår nedetter mot sør-søraust. Det er berg i vest og ein bergnabb i aust. I nord er det flatt eit par hundre meter. Avgrensinga her er litt vilkårleg, men basert hovudsakleg på funntomme prøvestikk. Det same gjeld i sør, sjølv om vi her har ei helling i terrenget ned mot Rønneldveien. Jordlaga består av svart grastorv med raudbrun grus under. Undergrunnen er ljosare brungul grus. Flintfunna verkar å vere konsentrert i den raudbrune grusen. Heile lokaliteten er per no ei hogstflate. Det er fleire strukturar og moglege kulturlag synlege i hjulsporprofilane. Vi nytta ikkje all verda med tid på å finreinse fram alt vi såg her, men påviste 3 klare strukturar i form av groper, som vart dokumentert med foto og innmåling. A1 vart radiologisk datert. I tillegg påviste vi ei kokegrop i botnen av prøvestikket P5. Det er difor stort sannsyn for fleire strukturar på lokaliteten. Ut i frå storleik og topografi er det også meir enn truleg at ein kan finne restar av huskonstruksjonar her. Truleg ser vi restar etter aktivitet frå fleire tidsperiodar. Om flintfunna er strandlinjebasert, vil ei høgde over havet på rundt 67 meter datere den delen av lokaliteten til eldre steinalder – mellommesolitikum og den såkalla Trinnøksfasen – tidsrommet 7000-5600 fvt.
    kommune
    • 3105
    kulturminneId
    • 330137
    lokalId
    • 936540
    målemetode
    • 96
    nøyaktighet
    • 25
    oppdateringsdato
    • 2025-06-30T10:17:38Z
    opphav
    • Østfold fylkeskommune (31)
    versjonId
    • 20210217