• 936542

    id
    • 936542
    datafangstdato
    • 2025-05-13T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2025-06-02T08:59:21Z
    informasjon
    • Lokaliteten vart fyrst påvist med funn av 8 avslag av flint i hjulspora etter hogstmaskiner. Lokaliteten er ei flate der terrenget skrånar svakt nedetter mot sør-søraust. Vi har berg i aust og vest. I nord skrånar det svakt oppover i ei smalare kløft. Dette området har topografisk potensiale for steinalderlokalitetar, men fleire funntomme prøvestikk avslørte ikkje eventuelle slike. Jordlaga her er mørk, fuktig torv med mykje stein. Avgrensinga i nord er difor sett opp til dette skiljet i jordmassane. I sør er avgrensinga ein kombinasjon av funntomme prøvestikk, plangrensa og vegen. Lokaliteten er difor i praksis opninga på kløfta. Jordlaga er eit tynt humuslag med eit ganske tykt (30-40 cm) gråbrunt matjordlag under. I botnen finn vi raudgul grus. Flintfunna ligg hovudsakleg i dette matjordlaget. Prøvestikk P6 skil seg noko ut med å ha eit 20 cm tykt lag forhistorisk kulturmasse, enten i form av eit kulturlag, eller ein slags struktur. I dette laget vart det funne eit par keramikkskår, der det eine er eit tynt, finmagra skår med dekor. Om flintfunna er strandlinjebasert, vil høgda over havet på rundt 69 meter datere den delen av lokaliteten til eldre steinalder – mellommesolitikum og Trinnøksfasen, rundt 7000-5600 fvt. Keramikken er derimot langt yngre, truleg frå yngre romartid eller folkevandringstid – 200-550 evt. Lokaliteten er no ei hogstflate. Sentralt står eit vrak av ein bil og ei campingvogn parkert.
    kommune
    • 3105
    kulturminneId
    • 330176
    lokalId
    • 936542
    målemetode
    • 96
    nøyaktighet
    • 25
    oppdateringsdato
    • 2025-06-30T10:39:11Z
    opphav
    • Østfold fylkeskommune (31)
    versjonId
    • 20210217