Nærast heile den nordlege tredjedelen av planområdet verka å vere ei gedigen steinrøys. Under overflatesøket var det uråd å kome nedi bakken sjølv med sonderingsboret. Unntaket var her oppe i nordvestre hjørne, som viste seg å vere eit parti med svært fin, raudgul sand. Fleire sjakter vart lagt der vi kom til inne i tette granskogen, men underleg nok var det berre den eine kokegropa som dukka opp. Mest truleg ligg det meir her, men det har nokre fleire utfordringar med seg å nytte maskin i skog. Det vart også observert eit par kolgroper i området.
Terrenget er høvesvis flatt, men skrånar svakt nedetter mot sør.
Sirkulær – trekol og skjørbrent stein. C14-prøve.110 x 110 cm.