• 936546

    id
    • 936546
    datafangstdato
    • 2025-05-21T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2025-06-02T09:08:13Z
    informasjon
    • Rett vest for Rønneldveien 95 Bråten er det eit lite parti dyrka mark som har gnudd seg inn i planområdet. Det er ikkje store flekken, men topografisk tykte vi den var såpass interessant at vi ville sjakte der. Terrenget er høvesvis flatt. Jordet stikk som ein ivrig finger inn mellom berg og stigande terreng i vest, nord og aust. I sør skrånar det svakt nedetter. Sjakta i vest ga lite, det var ein del moderne forstyrringar her, m.a. ei stor grøft. I tillegg var det ein del vegetasjonsmerker frå skogen som har vekse tett ved. Sjakt 2 i vest var derimot ein annan sak. Her dukka det opp ein del strukturar. Grunna tørke, laus sand og ein del moderne uro, var det litt krokete å få styr på heilheita her, så vi opna opp ei sjakt til rett vest for sjakt 2. Her såg vi meir av det same. Det er i all hovudsak stolpehol vi finn her, samt nokre groper utan kjent funksjon. Det kan vere kokegroper, eldstadar eller anna. Det er ein del brent leire i fleire av strukturane, noko som er svært vanleg rundt forhistoriske gardsbusetnadar. Stolpeholet A13 inneheldt nokre grovmagra bitar keramikk. Vi sendte ei kolprøve frå gropa A16 til radiologisk datering.
    kommune
    • 3105
    kulturminneId
    • 330180
    lokalId
    • 936546
    målemetode
    • 96
    nøyaktighet
    • 25
    oppdateringsdato
    • 2025-06-30T14:19:37Z
    opphav
    • Østfold fylkeskommune (31)
    versjonId
    • 20210217