Lokaliteten vart fyrst påvist med eit funnførande prøvestikk med eit avslag av flint og eit mogleg avslag av kvartsitt, samt ei urnegrav i botnen, med ei god ladning keramikk og brente bein. Berre det som var laust i såldet vart teke med, resten av strukturen ligg att in situ. Vi sendte inn litt brente bein til radiologisk datering. Flinten derimot, her og i fire funnførande prøvestikk til, ga eit inntrykk av ein strandbunden lokalitet på rundt 67 moh. Då er vi attende til eldre steinalder og mellommesolitikum – Trinnøksfasen – ca. 7000-5600 fvt.
Flata skrånar svakt mot sør. Det er berg i aust og vest, som saman med funntomme prøvestikk avgrensar lokaliteten i dei retningane. I sør er det funntomme prøvestikk og sjakter som set grensa. Her er også jordmassane meir myrprega, med svart torv og grå sand. I nord er det meir flatt. Når vi kjem nokre titals meter nordover, endrar terrenget seg med at det vert klart veldig steinete og meir mørkt og myrprega i jordmassane. I området mellom dette og dei funnførande prøvestikka, fann vi det opportunt å rulle inn gravemaskina. Det ga resultat på direkten, med fleire kokegroper og eldstadar, samt ei grøft vi er litt usikker på betydinga av. Vi sendte inn ei trekolprøve frå kokegropa A30 til radiologisk datering.
Vest i lokaliteten, kloss ved og på kvar side av vegen, fann vi tre gravrøyser. Dei er låge og ikkje heilt enkle å få auge på sånn heilt utan vidare. Tett vegetasjon og haugar med tilført kvist bidrar lite for det visuelle aspektet. Som gravrøysene ligg i terrenget, har dei godt utsyn mot særleg sør. Det er også gode moglegheiter for at det har gått førhistoriske ferdselsårer i dette området, og at det er dei gravrøysene er knytt opp til. Og moglegvis er urnegrava og kokegropene ein del av same hending, medan flinten representerer aktivitet som er fleire tusen år eldre.