Lokalitet påvist under arkeologisk registrering i samband med detaljregulering for Iglandsvik. Registreringa pågjekk i juni 2025, og ved maskinell sjakting.
Det vart mellom anna påvist fleire langhus (stolpehol, veggrøfter), naust (steinpakning, stolpehol), kokegroper, pilspiss i skifer og eit spannforma leirekar.
Plangrensa avgrenser lokaliteten i nord, bebyggelse og infrastruktur ligg i aust, vest og sør. I sørleg del ligg også Igland gravplass, frå første kvartal av 1900-talet. Det går ein vassleidning aust-vest i lokaliteten, i tillegg til fleire moderne grøfter og veiter.
Meir informasjon kjem i etterarbeidet, hausten 2025. Lokalitetsutstrekkinga kan forandre seg i etterarbeidsfasen.