Lokalitet påvist under arkeologisk registrering i samband med detaljregulering for Iglandsvik, Bremanger. Lokaliteten vart påvist ved maskinell sjakting.
Lokalt vert området kalla "Åkrane". Lokaliteten ligg i eit smalt parti i planområdet, der det vart opna to sjakter. Den sørlegaste sjakta var negativ fordi den var påverka av moderne forstryrringar (grøfter, avfall). I den nordlegaste sjakta ligg det fleire strukturar og lag. Det er også noko infrastruktur i denne sjakta, mellom anna låg det sperreband over ei grøft som går nord-sør, før den svingar seg noko mot sørvest.
Meir informasjon kjem i etterarbeidsfasen, hausten 2025. Det vert lagt til fleire enkeltminne, og lokalitetsavgrensinga kan forandre seg.