Halden kommune planlegg ei utviding av areala til Rokke avfallsanlegg. I den samanheng var arkeologar frå Østfold fylkeskommune ute på ei registrering, der denne lokaliteten var funne.
Lokaliteten ligg heilt nordaust i planområdet, og vart påvist med 3 funnførande prøvestikk.
Vi er her i ein dalgang som skrår oppover mot nordaust. Det er berg i alle himmelretningar unntatt mot sørvest, der terrenget vidar seg ut mot den gamle strandlinja.
Mesteparten av lokaliteten består av ei hogstflate. Her ligg det store mengder tørre kvistar og mindre trestammar etter hogsten. I tillegg er det tett tilgrodd med ormegras, høgt gras og anna ofseleg vegetasjon. Midt på sommaren er det på sitt aller verste, noko som gjer det vanskeleg å sjå bakken under villniset. Ferdsel til fots er såleis ein risikosport. Prøvestikka vart difor lagt i søraustre kant av dalsøkket, der det framleis står skog. Lokaliteten vart avgrensa topografisk.
I delet mellom skogen og hogstflata er ei open dreneringsgrøft, som ga moglegheiter for vassålding. Eit bekkefar, mest truleg kunstig tilrettelagt med grøfting, snor seg nedetter dalsøkket. Elles er det ikkje råd å vurdere hogstflata nærare.
Jordmassane i skogen er vanleg podsol. Unntaket er P2, der utfellingslaget består av grå sand, og ikkje den sedvanlege raudbrune grusen.
Vi tek det for gitt at slike lokalitetar er strandbundne, dvs. at menneska som har etterlate seg desse spora, flytta på seg med båtar av ein eller annan slag. Den antekne strandlinja ligg høvesvis høgt på rundt 103 moh. Tidsmessig er vi då langt attende i eldre steinalder, til perioden vi kallar tidlegmesolitikum. Andre namn perioden er kjent under er Fosnafasen og den meir kontinentale Ahrensburgkulturen. I denne delen av landet finn vi denne perioden i høgdene rundt 190-90 moh. Då er vi attende til tidsrommet ca. 9800-8200 før vår tid. Lokaliteten vår er då kanskje rundt 10500 år gamal.
Det er ikkje sikkert at vi berre har ei hending her. Det er nesten 70 meter mellom P1 og P2, og over 90 meter mellom P2 og P3. Om P2 representerer ei eiga hending, er den estimerte strandlinja på rundt 110 moh, og den delen av lokaliteten dertil eldre.