Terrassen der lokaliteten ligg, er heller flat med einskilde bergrabbar i dagen, men elles tilvaksen med gras, lyng og einer og planta gran. I grusflekker og opne dreneringsgrøfter vart det her samla opp eit tildanna kvartsittavslag, eit flekkefragment av flint, to flintkjernar, tolv flintavslag og ein strandflint. Prøvestikk gav ikkje funn, men synte eit 5 - 10 cm grått, kolblanda sandlag under eit ca. 20 cm tjukt torvlag.