Feltet er orientert NO-SV, 140 m langt og opp mot 40 m breitt. Feltet inneheld følgjande haugar/røyser etter Per Fett si skildring: Fk. 1/1: Haug, ligg lengst S, om lag 25 m frå tunvegen. Han er 11 m i tverrmål og 0,5 m høg, no noko uformeleg etter graving kring hundreårsskiftet. Bendixen seier han var vakker og med tydelege randsteinar. Fk. 1/2: "Murhaugen", ligg 30 m NO for fk. 1/1, 16 m i tverrmål, 1,5 m høg, bygd av stein som kjem fram som ein mur i den avskorne kanten i S. Elles er han dekt med mosetorv. Fk. 1/3: Haug, ligg 3 m SO for fk. 1/2, 9 m i tverrmål, 1 m høg, bygd av stein dekt med gras- og mosetorv. Haugen er noko avskoren av dyrking i O. Fk. 1/4: Haug, låg "nord eller nordvest for disse". Han var "delvis ryddet ... 12 m i tverrmål og nær 2 m høi". Fjernet. Fk. 1/5: Haug, ligg 9 m NO for fk. 1/3, i ei åkerreine. Der er berre ein rest att, noko uforma, 4 x 2 m, låg, torvdekt stein. Fk. 1/6: Haug, ligg 6 m NO for fk. 1/2, 4 m i tverrmål, låg. Fk. 1/7: Haug, ligg 10 m ONO for fk. 1/6, 9 m i tverrmål, 0,5 m høg, torvdekt, men med ein og annan stein framme. 4 m SV ligg den "sænkning" som Bendixen nemner. Fk 1/8: Haug, ligg tett N for fk. 1/7, flat og uklår, om lag 8 m i tverrmål. Fk. 1/9: Haug, ligg 12 m O for fk. 1/7, no berre botnlaget att i 9 m tverrmål. Fk 1/10: Haug, ligg eit par meter O for fk. 1/9, 12 m i tverrmål, 1,5 m høg, torvdekt, men med stein stikkande fram. Tilgrodd med lauvkratt. Fk. 1/11: Langrøys, ligg 12 m NNV for 10, 25 x 7 m VSV-ONO, låg. Steinane kan vere rett store og dei ligg mest udekte. Røysa er tett tilgrodd med småbjørk o.a. Fk. 1/12: Røys, ligg 7 m O for fk. 1/11, svært uformeleg av omroting og støyter opp imot naturlege steinsamlingar. Ca. 8 m i tverrmål, 0,5 m høg, mosegrodd. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Gravfeltet ligg her framleis som skildra av Per Fett. Somme av gravminna er låge og overgrodde og difor vanskelege å få auge på. Heilt NA i gravfeltet er det mykje naturleg stein i bakken, så her er det vanskeleg å avgjere kva som er natur og kva som er menneskeskapt. Dei einskilde gravminna vart målt inn med GPS. Kartfestinga er noko endra i høve til det som var på ØK-kartet frå før. Somme gravminne låg utanfor det området som var markert som gravfelt på kartet, og området måtte difor verte utvida.