Beskrivelse fra lokalitet:
Gravrøys, monumental, men ujevnt forma pga inngrep. Diameter ca 36 m. N-S; 36,3 m, 20 m Ø-V. Høyde 3 - 3,5 m. Bukthaugen har ei nokså stor utstrekning. Den er om lag 36,3 m (nord-sør) x 20 m (aust-vets) og 3- 3,5 m høg. Fast berg stikk fram fleire stader. I bakkant, på vestsida mot jernbanen, er det gjort eit nokså stort inngrep. I følgje kårkallen på garden, Helge Lund var det kommunen som grov bort store delar av haugen i samband med legging av ny vassledning for nokre år sidan. På nordvestsida kan ein og sjå to oppmura steinsamlingar, som lange, smale gjerde. Om dette har noko med haugen å gjere, eller om det har gått ein gamal veg her eller liknande er vanskeleg å seie. På toppen av haugen er det ei stor grop. Dette kan i utgangspunktet ha vore ei plyndringsgrop, men Helge Lund kunne og stadfeste at det var ei tysk stilling her under 2. verdskrig, og at gropa da i allfall vart gjort større. Det veks mange store tre på hagen. Både furu, gran, bjørk og anna lauvtre. 5.9.3 Vurdering Dette er ein gravhaug. At den ikkje er registrert tidlegar er tilfeldig. Den ligg så godt synleg heilt inne i vegen at alle nok har tatt det forgitt at den er registrert. Folka på Vist nedre har alltid omtala Bukthaugen som ein gravplass.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Røys, stor og monumental, men i dag noe ujevn. Diameter 36 m, Høyde 3,5 m. Trær og grass/urter. Hodestore og større steiner.