Røysa kunne avgrensast til å væra omlag fem meter i tverrmål. Høgda er vanskeleg å slå fast, men er omlag ein halv meter. Røysa synest ikkje væra skadd av slitasjen, men kan stå i fare for å verta nedtrakka i det myrlendte terrenget rundt. 2005: Området vart kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Gravfeltet på Fagerbakke er vanskeleg å få oversikt over. Dei to røysane som vart registrert i 1999 vart ikkje funne att. Skildringa av dei er her henta frå rapporten til J. Aksdal. Kartfestinga er omtrentleg.