Funn av flint, desse vart gjort i overvintra åker. Funna låg i pløyelaget som då ikkje var omsnudd. Dei låg spreidd over eit avgrensa område oppe med vegen. Funn av ein delvis flateretusjert spiss kan vera med å datere funnstaden til slutten av steinalder og inn i bronsealder. Funnstaden ligg utsatt til, faren for at nye funn vert pløygd opp er tilstades. Det vil vera ei føremon med ei mindre undersøking av funnstaden for om mogleg finna kulturlag eller eventuelle konstruksjonar under åkerlaget.